Naturfiber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mikroskopbilde av ull.
Foto: Luigi Visonà

Naturfiber er fiber av plante- eller dyreopphav. Botanisk fiber er langstrekte planteceller, anten vedfiber eller bastfiber. Zoologiske naturfiber er pattedyrhår eller trådar framstilt av insekt eller edderkoppdyr.

Blant botaniske naturfiber har vi til dømes bomull, lin, hamp, jute, ami, kokos, manila, raffia, sisal.[1] Animalske fiber er til dømes ull eller pelshår av sau, kasjmir, mohair, angora, alpakka, lama, alpakka , kamel og jak. Silke er framstilt av silkeormar, eit insekt. Edderkoppar lagar spindelvev og trådar som også er naturfiber, sjølv om dei sjeldan blir brukte av menneske.

Stor husedderkopp kan laga sine eigne naturfiber, men har her også teke i bruk kokosfiber til reiret sitt.

Framstilling av naturfiber[endre | endre wikiteksten]

Vedfiber vert frigjort frå anna cellevev ved at plantematerialet vert lagt til røyting, slik at pektinet som bind saman fibra vert løyst opp gjennom ein naturleg gjæringsprosess.[2]

Utviklingshjelp[endre | endre wikiteksten]

Naturfiber kan bli produsert med enkel og miljøvennleg teknologi, og produksjonen kan gje inntekter til mange menneske, spesielt i utviklingsland. Dette er ein bakgrunn for at FN utropte 2009 til internasjonalt naturfiberår.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tekstilleksikon, arkivert frå originalen 1. juli 2009, henta 29. januar 2010 
  2. SNL:Fiber
  3. International Year of Natural Fibres, arkivert frå originalen 21. april 2017, henta 29. januar 2010 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]