Søre militærdistrikt i Russland
Søre militærdistrikt (russisk Южный военный округ) er eit av fem militærdistrikt som set opp ein av fem operasjonelle-strategiske kommandoar for forsvaret i Russland. Distriktet vart danna ved presidentdekret nummer 1144 underskrive 20. september 2010, med tidlegare Nord-Kaukasus militærdistrikt som base.[1] Distriktet kontrollerer 8., 49. og 58. kombinerte arméer, og dessutan 4. luft- og luftforsvarskommando i det russiske flyvåpenet. Distriktet omfattar òg Svartehavsflåten og Den kaspiske flotiljen i den russiske marinen. I april 2014 vart òg Krimhalvøya med Sevastopol tilført Søre militærdistrikt.
Luftlandestyrker som er forlagt innan Søre militærdistrikt er ikkje underlagt militærdistriktet eller OSK-en, men direkte kontrollert av sjefen for Dei flyborne styrkane (eller VDV) - som ein snøgg strategisk infanterireserve (manøverelement)
Samansetjing
[endre | endre wikiteksten]- 175. kommando- og kontrollbrigade i Aksaj i Rostov oblast
- 10. SPETSNAZ-brigade i Molkino i Rjazan oblast
- 22. SPETSNAZ-brigade i Stepnoj i Aksaisk rajon
- 346. SPETSNAZ-brigade i Prokhladnyj
- 25. SPETSNAZ-regiment i Stavropol
OSK Sør vil ha desse landkomponentane på operasjonelt nivå:
- 58. kombinerte armé med hovudkvarter i Vladikavkaz
- 49. kombinerte armé med hovudkvarter i Stavropol
- 8. kombinerte armé med hovudkvarter i Novotsjerkassk
- 22. armékorps med hovudkvarter i Sevastopol.
Luftkomponent
Marinekomponentar
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Указ Президента Российской Федерации от 20 сентября 2010 года № 1144 «О военно-административном делении Российской Федерации», arkivert frå originalen 31. mars 2012, henta 28. januar 2017
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Søndre militærdistrikt» frå Wikipedia på bokmål, den 28. januar 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Южный военный округ (russisk)
- Southern District (engelsk)