T-54

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
T-54
T-55

T-54 og T-55 er ein sovjetisk stridsvognserie som er verdas mest produserte. Han blei laga etter andre verdskrigen for å ta over etter T-34. Stridsvogna er i bruk i fleire land, mellom anna tidligare sovjetiske klientstatar. T-54- og T-55-seriane er vanskelege å skilja, og nokre T-54-ar vart oppgradert til T-55-standard.

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

T-54 vart laga på basis av T-44 som igjen var ei videreutvikling av T-34. Den første prototypen stod klar i 1946, og dei fyrste produksjonsvognene kom i 1947.

Då T-54 byrja å verta produserte i 1947 var ho bedre pansra og væpna enn sine vestlege motstykke (den britiske Centurion og den amerikanske M26 Pershing). T-54 vart redesigna i 1958 som T-55 med bedre tårnpansring, kraftigare motor og ABC-vern. Ho vart produsert i Sovjetunionen fram til 1981. Stridsvogna vart òg produsert i Polen og Tsjekkoslovakia. I Kina vart ho produsert under namnet Type 59 (seinare forandra til Type 69). Kina eksporterte Type 69 i store mengder til både Irak og Iran under Irak-Irankrigen i 1980-åra.

Titusenvis av serien vart produsert i Sovjetunionen fram til så seint som i 1981 og saman med T-62 var den hovedstridsvogna i sovjethæren fram til 1980-talet. Ho finst i 2017 mest i reserveavdelingar.

På tross av at ho forlengst er utdatert, er stridsvogna framleis i bruk i ein del land i den tredje verda, mest fordi ho er billeg og at det finst ein del oppgraderingsutstyr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]