Taktekking

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Taktekking med skiferheller i Rothesay i Skottland.

Taktekking kan visa til den ytre flata på eit tak som skal verna mot vêr og vind, eller til det å laga ei slik flate. Tak kan heiltekkjast med eitt udelt dekke, eller overlapptekkjast med fleire enkeltdelar som overlappar kvarandre.

Taktekking med siv i Escheburg i Tyskland.

Overlapptekking[endre | endre wikiteksten]

Overlapptekking har vore tradisjon mange stader. Her tekkjer ein ved hjelp av mange små delar, som torv, siv, strå, tre (takspon), stein og keramikk (t.d. skiferplater eller takstein). Nyare materiale er pappshingel, bølgjemetall og bølgjeplast.

Sidan skøytane mellom dei ulike delane alltid vil vera noko opne, må eit tak tekkja med overlappsteknikk ha god helling. Dette gjeld særleg i vêrharde område.

Heiltekking av eit flatt tak.

Heiltekking[endre | endre wikiteksten]

Ved heiltekking kan ein lima, sveisa eller skøyta material saman slik at dei dannar ein ubroten og vasstett flate. Dette blir særleg nytta på flate eller svakt hellande tak. Asfaltbelegg, metallplater og tjukt kunststoff kan nyttast til heiltekking.

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Taktekking
Spire Denne arkitekturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.