Talespråk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Talespråk er språk som blir snakka, i motsetnad til når det same språket blir skrive, då kan vi kalle det skriftspråk. Sjølv om det i utgangspunktet dreier seg om to ulike versjonar av same språk (t.d. norsk) vil val av medium føre til at ein del særdrag knytt til mediet sett sitt preg på språket.

I denne tydinga er talespråk kjenneteikna framforalt med å ha ein annan syntaktisk struktur enn skriftspråk, noko alle kan sjå ved å ta opp spontan tale på band, og deretter skrive det ned, eller ved å lese tekst høgt.

Alle skriftspråk har talespråk (eller har hatt det, viss språka er døydd ut), men ikkje alle språk har skriftspråk. Dermed er «skriftspråk» for nokon synonymt med «standardspråk», og talespråk med «avvik frå standard», «slang». På finsk heiter t.d. det å snakke etter standardspråket «å snakke skriftspråk».