Talje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tradisjonell talje med kraftutveksling via blokker. Legg merke til kofilnaglane nede til høgre.

Talje er eit hjelpemiddel som vert bruka til lyfteoperasjonar og stramming som ein kraftutvekslar for rettlina rørsle. Ein vanleg talje er sett saman av to blokker med eit innskore taljereip.

Taljar vert bruka til stramming og lyfting og er mykje bruka på seglskip til stramming av riggar og tauverk. Blokkene kan ha ein eller fleire skiver og avhengig av det totale talet skiver vert taljane omtala som enkeltskorne, dobbelt- eller fleirskorne. På små blokker vert skivene gjerne omtala som trinser. Med aukande tal skiver aukar utvekslinga og ein får meir kraft. Samtidig aukar friksjonen og lengda tau som må halast. Dei største taljane med 5 eller 6 skiver vert også som omtala gein. Klassiske taljar hadde ikkje nokon låsemekanisme for taljereipet og dette måtte fastgjerast. På nyare taljar kan det vere montert tauklemmer på ein av blokkene.

Jekketaljar, eller nikketalje, har ein jekkarm til heving og senking. Dei kan vere utført med tau, wire eller kjetting som forbindelse til kroken, og dei kan vere enkelt- eller fleirskorne.

Elektrotaljar fungerer etter same prinsippet som manuelle, men har ein elektrisk motor slik at styringa kan skje frå eit tablå ved å velje retning og eventuelt hastigheit på kroken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]