Tapu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tapu er eit omgrep innan maorikultur og mange beslekta polynesiske kulturar for noko som er heilag og omfatta av visse reglar og forbod. Tapu kan omfatta stader, levande vesen eller ting, som visse personar, hovudet, fisk, kvalar, kanoar, heilage vatn og fjell. Det kan også vera knytt til fødsel og død.[1] Brot på tapureglar er gjerne knytte til ulukke.[2] Noko som det ikkje er knytt tapu til er rekna som noa. Visse handlingar og seremoniar kan oppheva tapu, til dømes etter dødsfall.[3]

Omgang med tapu var ein viktig del av tradisjonell maorikultur, og er framleis ein del av det moderne newzealandske samfunnet i ein noko omforma utgåve.[4] Ordet kan ha fleire former på ulike språk. Forma tabu er brukt i vestleg kultur om noko som er forbode (å gjera eller nemna), men ikkje nødvendigvis av åndelege eller heilage årsaker.

Tapu byggjer på omgrepet mana, som kan tolkast som 'respekt' eller 'autoritet'. Mana er gjerne knytt til viktige gudar og det som er assosiert med dei. Fisk er til dømes knytt til havguden Tangaroa, og fiske er dermed omfatta av tapureglar.[2][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Traditional Māori religion – ngā karakia a te Māori», teara.govt.nz, henta 24. januar 2021 
  2. 2,0 2,1 «Tapu - sacred Māori code», TNZ Media, henta 24. januar 2021 
  3. «Tapu-lifting ceremony remembers accident victims», Stuff (på engelsk), 23. mai 2012, henta 24. januar 2021 
  4. «Tapu in modern world explored», NZ Herald (på engelsk), henta 24. januar 2021 
  5. Taonga, New Zealand Ministry for Culture and Heritage Te Manatu, «Traditional practices», teara.govt.nz (på engelsk), henta 24. januar 2021