Tararuafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tararuafjella
fjell
Pasture against snow (15346066851) (cropped).jpg
Tararuafjella sett frå Wairarapa.
Land Flag of New Zealand.svg New Zealand
Regionar Wellington, Manawatū-Whanganui

Tararuafjella
40°48′ S 175°24′ E
Nordøya på New Zealand med Tararuafjella markert i brunt.
NordøyaNew Zealand med Tararuafjella markert i brunt.
Wikimedia Commons: Tararua Range

Tararuafjella (engelsk Tararuas, Tararua Range eller Tararua Ranges) er ei av fleire fjellkjeder på NordøyaNew Zealand, som dannar eit høgdedrag som går parallelt med austkysten på øya, mellom East Cape og Wellington.

Trelinja i Tararuafjella.
Utsyn frå Mount Holdsworth.
Clem Creek renn inn i Waiohine River.

Fjellkjeda er mest markert på den sørlege delen av øya, der ho dannar Rimutaka-, Ruahine- og Tararuafjella.

Tararua går i nordaustleg-sørvestleg retning i 80 km frå nærleiken av Palmerston North til dei øvre delane av Hutt Valley, der den nordlege enden til Rimutaka Range byrjar. I nord er fjellkjeda skild frå den sørlege enden til Ruahine Range av Manawatu Gorge.

Den høgaste toppen i Tararua er Mitre (som ikkje må forvekslast med Mitre Peak), som er 1570 meter høg.

Vegar[endre | endre wikiteksten]

Den einaste vegen over fjellkjeda som er open i all slag vêr, er Pahiatua Track mellom Palmerston North og Pahiatua. Denne som er mykje brukt når vegen gjennom Manawatu Gorge er stengd.

Rekreasjon[endre | endre wikiteksten]

Området er mykje i bruk som turområde for folk frå Wellington, og mellom dei ulike fotturane er den kjende «Southern Crossing» som går frå Otaki Forks i vest, over Mount Hector og endar ved Kaitoke.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°46′S 175°23′E