Taz
Taz | |||
elv | |||
Taz munnar ut i Tazbukta, merkt med raudt på kartet.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 150 000 km² | ||
Lengd | 1 401 km | ||
Munning | Tazbukta | ||
![]() Taz | |||
Wikimedia Commons: Taz River | |||
Taz (russisk Таз) er ei elv i Krasnojarsk kraj og Jamalo-Nenetsk i Russland. Elva er 1401 km lang og har eit nedslagsfelt på 150 000 km².
Taz munnar ut i Tazbukta, eit om lat 250 km lang estuar som startar nær byen Tazovskij og munnar ut i Obbukta. Dei største sideelvane hennar er Bolsjaja Sjirta og Khudosej frå høgre, og Tolka og Tsjaselka frå venstre.
Estuaret og den nedre delen av elva ligg i Jamalo-Nenetsk, medan den øvre delen renn gjennom Kranojarsk kraj.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Taz River» frå Wikipedia på engelsk, den 28. oktober 2008.