Teaterladan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 60°16′50″N 15°59′15″E

Teaterladan
Hedemora Gamla Theater 20 mars 2010.jpg
BilettekstTeaterladan i 2010
Offisielt namnHedemora Gamla Theater (Teaterladan)
KallenamnTeaterladan (norsk 'Teaterløa')
StadHedemora i Sverige
Påbegynt1826
Opna1829

Teaterladan, offisielt Hedemora Gamla Theater, er eit teaterbygg i Hedemora i Dalarnas län i Sverige. Teateret blei oppført i 1820-åra, i tre etasjar. To av etasjane blei tidlegare nytta som lagerrom og det tredje som teater. Få teaterhus av denne typen står att i Sverige. Sidan 9. oktober 1964 er Teaterladan ein verna bygning.[1]

Soge og bruk[endre | endre wikiteksten]

Teaterhuset blei oppført mellom 1826[2] og 1829.[3] Bygget er delt i tre etasjar, med teateret øvst og lagerrom i dei to nedre etasjane.[3] Den fyrste framsyninga på teateret var eit teaterstykkje med ukjend tittel. Det blei framført av teatergruppa A. P. Bergmans Sällskap den 1. februar 1829.[4] Saman med Gamla teatern i Eskilstuna er Hedemora Gamla Theater det einaste bevarte såkalte laduteateret i Sverige. Løa vert framleis nytta til teater og konsertar i sumarhalvåret. I løa ligg òg eit mindre teatermuseum. Ein del av utstillinga syner fram karrièren til skodespelaren August Lindberg.

Teateret hadde ei storheitstid mellom 1829 og 1888. I perioden 1888 til 1910 leigde Frelsesarméen huset.[3]Etter det forfall huset, men i samband med byen Hedemora si 500-årsfeiring opna teateret på ny i 1946.[5]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Riksantikvarieämbetet. «Hedemora kn, SVALAN 2 TEATERLADAN – lagskydd». Bebyggelseregistret. 
  2. Kaj Bergman: Hedemora teaterlada : bröd och skådespel under samma tak : byggnadshistorisk beskrivning och restaureringsförslag (1975) i Bergqvist & Sandvold (2008), sid. 7
  3. 3,0 3,1 3,2 Sundström, Kjell; Olsson Daniels Sven: Kulturbygden Hedemora: innerstaden : bevarandeplan för Hedemora innerstad, Kommunen, Hedemora 1991, Dalarnas museums serie av rapporter, 0348-2863 ; 18 (swe), s. 31. ISBN 91-87466-12-0. Libris 7764934. 
  4. Bergqvist & Sandvold (2008), appendix 1(a)
  5. Kvarnström Eriksson, Christina 1998: Upptäck Hedemoras Kulturminnen -Liten utflyktsguide

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Offisiell nettstad
  • Bergqvist, Göran; Sandvold Björn: Hedemora Gamla Theater: en historik i ord och bild, Föreningen Hedemora Gamla Theater, [Hedemora] 2008 (svensk). Libris 11480745.