Tema:Geografi/Intro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
{{{2}}}

Geografi er studiet av jordoverflata, både korleis ho ser ut fysisk og korleis folk lever der. Eit norsk ord for geografi er jordskildring, og det er nettopp det geografi tyder, sett saman av dei greske orda ('jorda') og graphein ('skriva' eller 'skildra').

Ei viktig grein av jordskildringa er det å laga kart, eller kartografi. Men faget omfattar mykje meir enn dette. Det tar for seg kva ressursar som finst og kva som vert produsert ulike stader, klima, kor menneske bur, og korleis dei lever.