Temperaturanomali

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Temperaturanomalikart over heitebølgja i Europa seint i juli 2019.

Ein temperaturanomali er avviket, positivt eller negativt, mellom den målte temperaturen og normaltemperaturen.[1] Den målte temperaturen kan vera gjennomsnittet over ein time, ein dag, ei veke eller meir, medan normaltemperaturen helst skal vera utrekna over ein 30-årsperiode.[2] Referanseperioden i dag er 1991–2020.

Temperaturanomalien kan gi eit godt bilete av vêrlaget over eit stort område, sidan han varierer mindre enn sjølve temperaturen. Den som ikkje hugsar alle normalane i hovudet, vil òg lettare sjå om vêret er varmt eller kaldt for årstida.

Likevel er anomalien ikkje tilstrekkeleg for å fastslå kor unormalt vêret har vore, sidan temperaturen varierer mykje meir nokre plassar enn andre. Til dømes har Karasjok eit innlandsklima der store temperaturavvik er vanleg, spesielt om vinteren, medan Vardø har kystklima med vanlegvis berre små temperatursvingingar. Ein novemberdag i Karasjok kan det bli under −30 °C, som er kring 20 °C under normalen, medan Vardø-temperaturen aldri kjem under −15 °C i november, sjølv om normalen her er om lag 0 °C.

Generelt kan eit avvik på 2 °C vera unormalt i eit område med regelmessige temperatur, men kvardagsleg i eit område med store temperaturskilnadar frå dag til dag og veke til veke. Meteorologisk institutt gjekk i 2022 over til to måtar å oppsummera månadsvêret i Noreg på. Tidlegare nytta dei berre anomalikart, men har no lagt til ei klasseinndeling som nett skal spegla dei store skilnadene mellom kyst og innland, både i temperaturar og nedbør.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Global Surface Temperature Anomalies | National Centers for Environmental Information (NCEI)», www.ncei.noaa.gov, henta 4. juli 2022 
  2. «Updated 30-year reference period reflects changing climate», public.wmo.int (på engelsk), 5. mai 2021, henta 4. juli 2022 
  3. «MET info», Meteorologisk institutt (på norsk), henta 4. juli 2022