Thaya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Thaya
ThayaWk.jpg
Utspring Tyske Thaya og Mähriske Thaya
Munning Morava
Land i nedslagsfelt Austerrike og Tsjekkia
Lengd 285 km

Thaya (tsjekkisk: Dyje) er ei elv i Sentral-Europa, og ei av sideelvane til Morava. Ho er om lag 285 km lang og snor seg frå vest til aust i grenseområdet mellom Niederösterreich i Austerrike og Sør-Mähren i Tsjekkia, men følgjer ikkje grensa heilt nøyaktig. Ho har sitt utspring frå to mindre elvar, kalla Tyske Thaya og Mähriske Thaya, i nærleiken av Raabs. Namnet tyder «kraftlaus».

I den øvre delen renn Thaya gjennom djupe juv, og passerer mange slott og chateau. I Mähren er det bygd fleire demningar på elva.

Det tsjekkiske namnet på elva er kalla opp etter den little landsbyen Dyje i Znojmo i Tsjekkia.

Byar og landsbyar ved Thaya:

Národní park Podyjí Dyje Nationalpark Thayatal 2013 10 a.jpg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]