The Big Hurt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

«The Big Hurt» er ein popsong som først vart ein hit Toni Fisher (då kalla «Miss Toni Fisher») i 1959. Songen vart skriven av ektemannen hennar, Wayne Shanklin. Songen nådde tredjeplassen på Billboard Hot 100-lista i USA.[1] «The Big Hurt» er kjend fordi det vert nytta phasing-effektar som på den tida var sjeldan i popmusikken. DJ Dick BiondiWKBW introduserte plata som «Toni Fisher's weird one».

Effektar[endre | endre wikiteksten]

Veteranane i amerikansk musikkindustri David S. Gold og Stan Ross, som grunnla det kjende Gold Star Studios i Hollywood, hevdar at «The Big Hurt» var den første kommersielle innspelinga som nytta teknikken (eller effekten) som i dag er kjend som flanging.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn av mange andre artistar i 1960-åra av artistar så forskjellige som jazzmusikaren Bobby Hutcherson, Scott Walker og Del Shannon. Versjonen til Del Shannon frå 1966 nådde 94. plass på Hot 100. Denne versjonen vart produsert av Snuff Garrett og det vart òg her nytta phasing-effekt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits, 8th Edition (Billboard Publications), page 226.