The Jazz Singer av Neil Diamond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Jazz Singer
Filmmusikk av Neil Diamond
Utgjeve 10. november 1980
Innspelt 1980
Sjanger Pop
Lengd 40:11
Selskap Capitol (original)
Columbia Records (reissue)
Produsent Bob Gaudio
Neil Diamond-kronologi
September Morn
(1979)
The Jazz Singer On the Way to the Sky
(1981)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
Rate Your Music3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

The Jazz Singer er eit filmmusikkalbum av Neil Diamond frå 1980, frå filmen The Jazz Singer frå 1980. Filmmusikken kom ut på plate i november 1980 på Capitol Records. EMI Films (eigd av EMI, som òg eigde Capitol Records) produserte filmen. Filmmusikken vart gjeve ut i februar 1996 på Columbia Records i USA og Sony andre stader.

Filmen fekk blanda kritikk og vart ein middels suksess, men filmmusikken vart særs populært og vart det mestseljande albumet til Neil Diamond i USA, med over 5 millionar eksemplar og ein tredjeplass på albumlista der. Tre av songane gjekk inn på Topp 10 på Billboard Hot 100, «Love on the Rocks», «Hello Again» og «America» med høvesvis andre-, sjette- og åttandeplass.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «America»  Diamond 4:18
2. «Adon Olom»  Diamond 0:32
3. «You Baby»    3:01
4. «Love on the Rocks»  Diamond, Gilbert Bécaud 3:40
5. «Amazed and Confused»  Diamond, Richard Bennett 2:53
6. «On the Robert E. Lee»  Diamond, Bécaud 2:03
7. «Summerlove»  Diamond, Bécaud 3:17
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
8. «Hello Again»  Diamond, Alan Lindgren 4:04
9. «Acapulco»  Diamond, Doug Rhone 2:48
10. «Hey Louise»  Diamond, Bécaud 3:00
11. «Songs of Life»  Diamond, Bécaud 3:32
12. «Jerusalem»  Diamond 3:03
13. «Kol Nidre/My Name is Yussel»  Trad. adapt Diamond, Grenkel/Diamond 1:38
14. «America (Reprise)»  Diamond 2:22

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Jazz Singer av Neil DiamondAllmusic
  2. Albumet på Rate Your Music. Henta september 2013.