The Marvelous Misadventures of Flapjack

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Marvelous Misadventures of Flapjack
Norsk tittel: Flapjacks fantastiske eventyr
Typeanimated television series
Sjangerfantasy-tv-serie, komiserie
OpphavslandUSA
Produksjonsland USA
Introduksjonsår2008
Sesongar3
Episodar46
Lengd11 min.
SpråkEngelsk
SkaparThurop Van Orman
Periode5. juni 2008–
30. august 2010
KanalCartoon Network

The Marvelous Misadventures of Flapjack (norsk tittel: Flapjacks fantastiske eventyr), også kjend som The Misadventures of Flapjack eller berre Flapjack, er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Thurop Van Orman for Cartoon Network. Serien hadde premiere i USA den 5. juni 2008 og handlar om ungguten Flapjack (spelt av Orman) som er oppseda av kvalen Bubbie (Roz Ryan) og som blir opplært av piraten Captain K'nuckles (Brian Doyle-Murray). Trioen opphaldar seg i Stormalong Harbor, der det meste av serien går føre seg, medan dei leiter etter den segnomspunne øya Candied Island.

Van Orman, som la fram ideen til Cartoon Network allereie i 2001, innlemma sine eigne barndomsdraumar om eventyr på havet i serien. Etter tre sesongar og 46 episodar, avslutta serien 30. august 2010. Medan serien gjekk, vart Flapjack nominert til to Primetime Emmy Awards, to Annie Awards og ein Golden Reel Award.

Reprisar av serien har vorte sende på kanalen Boomerang, frå 11. juni til 29. juli 2018.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: The Marvelous Misadventures of Flapjack