The Victorian Society

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
The Victorian Society

Hovudkontoret til organisasjonen i Priory Gardens
Typeveldedig organisasjon
Skipa1958
Hovudkontor1 Priory Gardens, London, England
Omsetjing618 166 britisk pund (2016) Sjå dette på Wikidata
Donasjonar427 252 britisk pund (2016) Sjå dette på Wikidata
Tilsette6 (2016, 2017) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttp://www.victoriansociety.org.uk/ Sjå dette på Wikidata

The Victorian Society er ein britisk veldedig organisasjon som arbeider for å verna og fremja interesse for viktoriansk og edvardiansk arkitektur frå mellom 1837 og 1914 i England og Wales. Han har ein juridisk status som amenity society som gjer at ein må underretta han om arbeid som medfører riving eller strukturelle endringar av relevante bygg.[1]

Organisasjonen har arbeidd for å redda talrike byggverk, som St Pancras Station i London,[2] Albert Dock i Liverpool, Foreign Office og Oxford University Museum.[3] Han har ikkje alltid hatt suksess med kampanjane sine, og makta til dømes ikkje å redda Euston Arch frå riving i 1961.[4]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stiftinga av laget blei foreslått i november 1957 av Anne Parsons, grevinna av Rosse, i den godt bevarte viktorianske heimen hennar ved 18 Stafford Terrace i Kensington (Linley Sambourne House. Målet med skipinga[5] var å motverka den utbreidde antipatien mot arkitekturen frå 1800- og tidleg på 1900-tal.[6][3][a] Frå 1890-talet til 1900-talet var viktoriansk kunst under åtak, kritikarar skreiv om «den arkitektoniske tragedien frå det nittande hundreåret»,[8] spotta «den kompromisslause styggdomen»[9] til bygningane i tida og angreip «det sadistiske hatet mot venleik»[10] som arkitektane skal ha vist.[11][3] Det utbreidde synet blei uttrykt av P.G. Wodehouse i romanen Summer Moonshine frå i 1933: «Whatever may be said in favour of the Victorians, it is pretty generally admitted that few of them were to be trusted within reach of a trowel and a pile of bricks.»[12]

Det fyrste møtet blei halde i Linley Sambourne House den 28. februar 1958.[13] Mellom dei tretti grunnleggar medlemmene var den fyrste sekretæren John Betjeman, Henry-Russell Hitchcock og Nikolaus Pevsner, som blei formann i 1964.[14][3]

Organisasjonen hjelpte til med å redde St Pancras-stasjonen i London frå å bli riven.

Organisasjonen har arbeidd for å redda talrike byggverk, som St Pancras Station i London,[15] Albert Dock i Liverpool, Foreign Office og Oxford University Museum.[3] Han har ikkje alltid hatt suksess med kampanjane sine, og makta til dømes ikkje å redda Euston Arch frå riving i 1961.[4]

I 2015 lanserte samfunnet ein kampanje for å verna viktorianske gasslager, gasometers, etter at energiføretak hadde kunngjort planar om å rive nesten 200 av dei no foreldra bygningene. Leiaren for foreininga, Christopher Costelloe, uttalte: «Gasometers, by their very size and structure, cannot help but become landmarks. [They] are singularly dramatic structures for all their emptiness.»[16]

Tidsskriftet The Victorian[endre | endre wikiteksten]

Laget har gjeve ut medlemsbladet The Victorian tre gongar i året sidan 1998. Det inneheld bokmeldingar, nyheiter om laget og hendingar knytte til det, rapportar og intervju.[3][17]

Victorian Society i Amerika[endre | endre wikiteksten]

The Victorian Society har ein systerorganisasjon i USA, The Victorial Society in America, som blei grunnlagd i 1966 i New York av slike kjemper for historisk bevaring som Brendan Gill, Henry-Russell Hitchcock og Margot Gayle. Skipinga bygde på raseriet dei følte ved øydelegginga av den storslåtte Pennsylvania Station i New York i 1964. I 2017 hadde Victorian Society in America base i Philadelphia og 12 registrerte lokallag, dei fleste i det austlege USA.[18]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Timothy Mowl, the architectural historian, records that Anne Rosse's house, with its decoration by her grandfather Linley Sambourne, had "the most stunning and completely unaltered Victorian interiors" in London.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Department for Communities and Local Government (24 March 2015), Arrangements for handling heritage applications Direction 2015, Gov.uk, henta 5 August 2015 
  2. Jenkins, Simon (9 November 2007). «Not just a building, but a joy to behold. Ken Livingstone must hate St Pancras». The Guardian (London). Henta 19. desember 2017. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 Filmer-Sankey, William (1998). «History of the Victorian Society». The Victorian (The Victorian Society) 1. Henta 10. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 Harries 2011.
  5. Turnor 1950.
  6. Heald, Henrietta. «Parsonstown: The genius of the Parsons family: London Links». Parsonstown website. Henta 19. desember 2017. 
  7. Mowl 2000, s. 147.
  8. Turnor 1950, s. 111.
  9. Turnor 1950, s. 91.
  10. Clark 1983, s. 191.
  11. Heald, Henrietta. «Parsonstown: The genius of the Parsons family: London Links». Henta 19. desember 2017. 
  12. Harries 2011, s. 569.
  13. Harries 2011, s. 573.
  14. Harries 2015, s. 33.
  15. Jenkins, Simon (9. november 2007). «Not just a building, but a joy to behold. Ken Livingstone must hate St Pancras». The Guardian (London). Henta 19. desember 2017. 
  16. O'Hagan, Sean (14 June 2015). «Gasworks wonders». The Guardian. Henta 10 September 2020. 
  17. «The Victorian». The Victorian Society. Henta 20. desember 2017. 
  18. «About Us». The Victorian Society in America. Henta 19. desember 2017. 
Bibliografi


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]