The lost road

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

The lost road er eit romanutkast som vart skrive av J.R.R. Tolkien om lag 1937. Soga er tett knytt til arbeidet med Númenor, som Tolkien bygde ut om lag på same tid. Romanutkastet vart levert inn til forlaget Allen and Unwin i november 1937, men vart aldri ferdigstilt. Berre tre eller fire kapittel vart utarbeidd, og resten vart liggjande som skisse. Tolkien la fra seg dette prosjektet då han byrja for alvor med Hobbiten om lag på same tid.

Synopsis[endre | endre wikiteksten]

"Den tapte vegen" var tenkt som ein type tidsreise-forteljing, der hovudpersonen Alboin opplever parallelle liv i ulike tidbolkar. Mellom desse som Ælfwine i det angelsaksiske England, og som Elendil i det gamle Númenor. Den "notidige" Alboin er tydeleg bygd på Tolkien sjølv, med tanke på interessa for gamle språk, og ønsket om å konstruere eller rekonstruere alviske språk på grunnlag av tenkte substratum i dei europeiske språka. Far hans, Oswin Errol, oppmuntrar han og åtvarar han mot dette.

Med tida får Alboin sonen Audoin, og medan Alboin opplever at han lyder etter gamle språk, kjenner Audoin at han merkar gamle landskap. Ein skapnad frå "andreverda" kjem til Alboin og gjev han tilbodet om å "reise attende", slik han støtt har drøymt om. Han tek sonen med seg (Eadwine i det gamle England/Herendil i Númenor).

Tolkien kom til å dytte borti konflikten mellom dei trugne/kongsmennene i forholdet mellom Elendil og Herendil i Númenor, og var inne på langobardartoget til Italia, med mogleg tilvising til den historiske kong Alboin.

Desse utkasta vart utgjevne som band fem av "The History of Middle Earth", saman med dei tidlege utkasta om Númenor, under tittelen The lost road i 1987, redigert og kommentert av Christopher Tolkien.

"The lost road" er synt som fullt ferdigskriven i draumbiblioteket i serien The Sandman av Neil Gaiman, forteljing fire..