Theresienstadt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Theresienstadt i dag

Theresienstadt eller Terezín er namnet på ein garnisonsby og eit fort i Tjekkia, som under andre verdskrigen blei bruka som ein tysk konsentrasjonsleir.

Theresienstadt ligg 62 km nord for Praha ved elvane Elben og Eger.

Den 10. juni 1940 overtok Gestapo Theresienstadt og gjorde fortet til eit fengsel. I november 1941 blei garnisonsbyen omgjord til ein indhegna ghetto for jødar. Funksjonen skulle vere å få omverda til å tru at jødane levde eit idyllisk liv i ghettoen, men i realiteten var det ein konsentrasjonsleir. Der det før hadde budd 7 000 menneske, blei det no stua saman 50 000, og i løpet av 1942 døydde det 16 000 menneske der, mellom dei Sigmund Freud si syster.

I denne leiren blei det elles spelt inn ein film som skulle vise kor godt jødane hadde det under nazismen. Etter filmen var laga blei dei fleste av skodespelarane og instruktøren sende til Auschwitz. Instruktøren, Kurt Gerron, og kona hans blei myrda i gasskammer 28. oktober 1944. Filmen blei aldri vist som heilskap, men blei klipt inn diverse nazistiske propagandafilmar.

Omkring 144 000 jødar blei sende til Theresienstadt krigen igjennom. Av dei døydde ca ein firedel (33 000) i leiren, for det meste av svolt og sjukdom. Ca 88 000 blei deporterte til Auschwitz eller andre utryddingsleirar. Då leiren blei frigjord, var det 19 000 overlevande.

I dag fungerer konsentrasjonsleiren i fortet som eit museum. Garnisonsbyen er atter ein sivil by med knapt 3 000 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Theresienstadt