Thionville
| Thionville | |||
|---|---|---|---|
| |||
| Land Region Departement |
Frankrike Grand Est Moselle | ||
| Flatevidd | 49,88 km² | ||
| Flatevidd • By |
49,86 km² | ||
| Innbyggjarar • By (1999) - folketettleik |
40 907 820/km² | ||
| Koordinatar | 49°21′N 06°10′E / 49.350°N 6.167°E | ||
| Høgd | 150 m | ||
| Tidssone | CET (UTC+1) | ||
| Postnummer | 57100 | ||
| Nettstad: http://www.thionville.fr | |||
Thionville (tysk Diedenhofen, luxembourgsk Diedennuewen) er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Moselle i regionen Grand Est, og har om lag 40 000 innbyggjarar. Byen ligg nær elva Moselle
Historie
[endre | endre wikiteksten]Området var i antikken busett av den germanske alemannarstamma. Kyrkjemøtet i Thionville vart halde her frå 2. februar 835 med 43 biskopar. Det gjeninnsette Keisar Ludvig I av Det tysk-romerske riket og omstøytte dei tidlegare dommane hans, som han alle var uskuldige i, og avsette erkebiskopen av Reims, Ebbo. 28. februar 835 innrømte Ebbo i Mainz at Ludvig ikkje hadde gjort nokre av lovbrota som gjorde at han vart avsett som keisar i Det tysk-romerske riket.
Eskil, erkebiskop av Lund vart fengsla i Thionville då han kom tilbake frå ei pilegrimsferd til Roma i 1153.
Omleiringa av Thionville skjedde i juni 1639 under trettiårskrigen.
Forfattaren François-René de Chateaubriand vart etterlaten for å døy under Condé sin militære émigré-ekspedisjon mot Thionville i 1792.
I åra 1870-1918 var Thionville ein del av Tyskland med det tyske namnet Diedenhofen.