Thomas Cole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thomas Cole

Statsborgarskap USA, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 1. februar 1801
Bolton, Bolton le Moors
Død

11. februar 1848 (47 år)
New York by, Catskill

Yrke kunstmålar, grafikar
Sjanger landskapsmåleri
Thomas Cole på Commons

Thomas Cole (1. februar 180111. februar 1848) var ein britisk-amerikansk målar. Han vert rekna som grunnleggjaren av den såkalla Hudson River-skulen, ei kunstrørsle som hadde blomstringstid i USA kring midten av 1800-talet.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

The Oxbow, 1836
The Pic-Nic, 1846

Cole vart fødd i Bolton i Lancashire i England og var son til ein tekstilfabrikant. Då Cole var 17 år gammal emigrerte familien til USA og busette seg i Steubenville i delstaten Ohio. Han lærde seg det grunnleggjande i oljemåling av ein kringreisande portrettmålar. I 1823 byrja han studere ved Philadelphia Acadamy of Art, der han utvikla sin eigen unike stil som han seinare nytta i alle sine framtidige landskapsmåleri.

Cole fekk snøgt suksess med sine røyndomsnære og detaljerte framstillingar av den nord-amerikanske villmarka. Bileta hans vart varmt mottekne i New York, der han fekk selt dei til rike kunstsamlarar. År 1829 reiste Cole til Europa og vart der verande dei neste tre åra. I London møtte han mellom andre målarane John Constable, Thomas Lawrence og William Turner. Ved den tid vart Cole halde for å vere den fremste landskapsmålaren i USA. Han oppheldt seg også i Italia i lengre tid.

Då Cole vende tilbake til USA måla han ein allegorisk serie med historisk tema; Rikets mål (The Course of Empire). Han laga også det allegoriske verket The Voyage of Life, men dei økonomiske støttespelarane hans tykte betre om måleria med natur og landskap. Cole byrja då alt meir å måle bilete med større innslag av mystiske og religiøse uttrykk.

Frå sommaren 1841 reiste Cole eitt år i Europa. Han perfeksjonerte då måleteknikken, særleg bruken av fargar og attgjevinga av himmel og skyer. I Europa møtte han den unge Frederic Church som i åra 1844-46 gjekk i lære hos Cole. Cole drog også ut på ferder i USA, der han oppsøkte ulike slag natur og naturfenomen.

Thomas Cole døydde 47 år gammal i Catskills i New York.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Thomas Cole