Thore Johnsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Thore Johnsen
Fødd 22. desember 1946
Yrke professor

Thore Johnsen (fødd 22. desember 1947) er professor i finans ved Noregs Handelshøgskole. Johnsen studerte først til siviløkonom før han tok doktorgraden ved Carnegie-Mellon University i Pittsburgh. Her skreiv han avhandlinga si i industriell økonomi rettleidd av blant anna dei seinare nobelprisvinnarane Edward Prescott og Robert Lucas. Han underviste ved Northwestern University og Columbia University før han returnerte til NHH i 1979.

Johnsen har vore drivkraft i utbygging av finans som forskingsfag i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]