Tilrettelagd litteratur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tilrettelagd litteratur er litteratur som tilpassar seg lesarar som har vanskar med å lese vanlege bøker. Om lag 30 % av alle vaksne har vanskar med å få med seg innhaldet i vanleg tekst. Årsakene kan vere mange, frå dysleksi eller andre funksjonshemmingar til at ein er uvand med å lese eller har eit anna morsmål. Leser søker bok har ansvaret for at det skal kome ut tilrettelagde bøker i Noreg.