Tilrettevising

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ei tilrettevising er ein samtale der ein leiar på bakgrunn av regelbrot eller usømmeleg åtferd gjer klart kva for plikter ein tilsett har, og kva for åtferd leiinga ventar framover.

Ei tilrettevising skjer helst munnleg, men kan, helst ved gjentekne regelbrot, skje skriftleg ved at det vert ført referat av samtalen.

Tilrettevising vert sett som ein tenesteleg reaksjonsform, men ikkje som ei ordensstraff. Ei skriftleg tilrettevising kan likevel vere av ein slik karakter at den saman med eventuelle seinare brot på tenesteplikter kan innebere eit grunnlag for å seie opp arbeidstakaren, og i slike tilfelle kan det vere rett å rekne reaksjonen som ordensstraff med klagerett.

Kjelde:[endre | endre wikiteksten]