Titranulukka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bilete frå Titran kring 1900

Titranulukka hende i havområdet rundt Titran i Frøya i Sør-Trøndelag 14. oktober 1899. Eit sterkt lågtrykk var årsak til orkan frå nordvest. Fredag 13. oktober då fiskarane frå Titran og andre kringliggjande hamner gjekk ut for å setje sildedrivgarna, var vêret bra. Seint på kvelden vart det brått så stilt at nokre ikkje sette garn, i frykt for uvêr. Om natta kom brått den sterke vinden. Kring 30 farty gjekk ned, og 140 fiskarar miste livet. Dei omkomne var heimehøyrande på kyststrekninga frå Sunnmøre til Bodø.

Det vart sett i gang ein landsomspennande innsamlingsaksjon, der det kom inn over 800 000 kr. 650 000 vart utdelt til dei attlevande, medan resten vart brukt til eit fond «til Afhjælpelse af Nød blandt Efterladte efter Fiskere og i Fiske deltakende Personer». Etter andre verdskrigen tok Sør-Trøndelag Fiskarlag initiativ til eit minnesmerke. Det vart avduka på Titran 17. juli 1949. Monumentet er laga av Kristoffer Leirdal.

Fredag 13. oktober, i same uvêret, miste 30 menneske frå Røvær ved Haugesund livet då båtane gjekk ned på veg heim frå gravferd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Karl H. Brox: Havet tok dem. En beretning om Titran-ulykken 1899. Gyldendal Norsk Forlag 1987.