Tollegang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tollegangar finn vi på robåtar med tollepinnar.

Ordet kan ha noko ulik tyding.

  • På Aust- og Sørlandet meiner ein dei to tollepinnane som held på plass åra når ein ror. Trestykket som tollepinnane står i og som åra ligg på er oftast medrekna til tollegangen. Tollegangen kan vere utforma av eit trestykke med to oppståande tollar som erstattar tollepinnane. Årehaldarar av heilstøypt plastikk kan verte kalla tollegangar.
  • I områda nordanfjells der tollepinnar er vanleg meiner ein ei tjukk list som går på langs etter ripa så langt som der er tollepinnar. Tollegangen ligg oftast opp på vaterbordet. Tollepinnane står gjennom tollegangen.
    Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.