Tom Thoresen
Utsjånad
| Tom Thoresen | |||
| Fødd | 16. mai 1947 (78 år) | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Tom Thoresen (fødd 16. mai 1947) er ein norsk politikar frå Glemmen i Østfold. Han representerte Østfold fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget frå 1977 til 2001. Thoresen var parlamentarisk leiar for Arbeiderpartiet frå hausten 1996 og ut 1997/97-sesjonen. Sidan 1. september 2002 har han vore direktør i Medietilsynet.
Thoresen var lektor på ein vidaregåande skule i heimbyen. Han var medlem av bystyret i Fredrikstad i 16 år; 1972-87.
På Stortinget var Thoresen medlem av administrasjonskomiteen 1977-81, kyrkje- og undervisningskomiteen 1981-85, finanskomiteen 1985-92, utanrikskomiteen 1992-1993 og 1996-2001, samt nestleiar i kontroll- og konstitusjonskomiteen 1993-96.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Kategoriar:
- Einskildmenn
- Fødde i 1947
- Stortingsrepresentantar for Østfold
- Stortingsrepresentantar frå Ap
- Stortingsrepresentantar 1977-1981
- Stortingsrepresentantar 1981-1985
- Stortingsrepresentantar 1985-1989
- Stortingsrepresentantar 1989-1993
- Stortingsrepresentantar 1993-1997
- Stortingsrepresentantar 1997-2001
- Folk frå Fredrikstad