Tomintoul
Utsjånad
| Tomintoul | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Moray | ||
| Tradisjonelt grevskap | Banffshire | ||
| Folketal | 716 | ||
| Postnummer | AB37 | ||
| Retningsnummer | 0 1807 | ||
![]() Tomintoul 57°15′03″N 3°22′41″W / 57.2508°N 3.37807°W | |||
| Wikimedia Commons: Tomintoul | |||
Tomintoul (skotsk gælisk Tom an t-Sabhail, «Låvehøgda») er ein landsby i regionen Moray i Skottland. Han har kring 300 innbyggjarar. Det er den høgastliggande landsbyen i Det skotske høglandet, men på 345 moh ligg han likevel langt lågare enn den høgastliggande i Skottland, Wanlockhead i Dumfries and Galloway.
Det er ein planlagd landsby, som vart lagt ut av Alexander Gordon, 4. hertug av Gordon i 1775. Dette skjedde som ei følgje av at William Caulfield tjue år tidlegare hadde lagt ein militær veg der, som no er A939. I 1841 budde det 1722 menneske i landsbyen. I 1951 hadde innbyggjartalet falle til berre 531, og ved folketeljinga i 2001 var det 322 innbyggjarar.
Landsbyen inngår i Whisky Trail.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tomintoul» frå Wikipedia på bokmål, den 2. november 2011.
