Tomra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tomrefjord)
Gå til: navigering, søk
Tomra
Tomrefjord
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Vestnes
Areal 1,49 km²
Folketal 1 167 (2017)
Folketettleik 783 / km²
Postnummer 6393 TOMREFJORD

Tomra eller Tomrefjord er ein tettstad i Vestnes kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden ligg på austsida av botnen av Tomrefjorden og har 1 167 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Tettstaden har mellom anna skipsverftet Vard Langsten og konfeksjonsindustri.[1] Tettstaden har idrettsanlegg med kunstgrasbane, symjehall, innandørs idrettshall og utandørs sports-amfi. Det lokale samfunnshuset heiter Idahall. Messingkorpsa Tomra Brass Band og Tomrefjord skulekorps her begge base i bygda. Det er hyttefelt på Tomrefjellet, i områda kring Svartløkvatnet. Det lokale idrettslaget, Tomrefjord Idrettslag, vart stifta i 1921.

Nokre kilometer opp frå bygda er det mange mil med langrennsløyper, varmestover og lysløype. Desse løypene er mykje brukt om vinteren både av Romsdalsbygda og nabobygdene på Sunnmøre.

Tomrefjord er fødestaden til forretningsmannen Bjørn Rune Gjelsten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Tomra». Store norske leksikon. 12. januar 2016. Henta 2. mai 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]