Fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei 15 fylka i Noreg frå 2024.

Fylke (nordsamisk fylka, sørsamisk fylhke; lulesamisk fylkka, kvensk fylkki) er regionale administrative område i Noreg som har eit visst sjølvstyre i form av fylkeskommunar, som er administrative einingar med same geografiske grenser og namn som fylka. Ein må skilje mellom fylket som geografisk eining og fylkeskommunen som sjølvstendig administrativt organ som har fylket som sitt geografiske virkeområde. Tidlegare vart fylka kalla amt.

Eit fylke er delt inn i kommunar, som er mindre og sjølvstendige administrative einingar med sitt eige geografiske virkeområde.

Noreg har i dag 15 fylke.[1]

Talet på fylke hadde halde seg stabilt mellom 1919 og 2017; den einaste fylkeskommunen som er forsvunnen i den perioden er Bergen, som tidlegare var eige fylke, men vart teke opp i Hordaland fylke som ein ordinær kommune. Den 1. januar 2018 slo Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag seg saman til Trøndelag fylke. Stortingsfleirtalet hadde i 2016 sett i gang ei reform av fylkeskommunane som førte til at det vart 11 fylke i landet frå 1. januar 2020. Fylka Buskerud, Akershus og Østfold vart til Viken fylke, Vestfold og Telemark vart til Vestfold og Telemark fylke, Oppland og Hedmark vart Innlandet fylke, Aust-Agder og Vest-Agder vart Agder fylke, Sogn og Fjordane og Hordaland vart Vestland fylke og Troms og Finnmark vart Troms og Finnmark fylke. Dei gamle fylka Nordland, Møre og Romsdal, Rogaland og Oslo heldt fram som dei var.

Det er i dag berre eitt fylke i Noreg utan kyst, og det er Innlandet fylke.

Funksjon[endre | endre wikiteksten]

I kvart fylke er det ein statsforvaltar (fylkesmann) som er regjeringas representant og kontrollstyremakt; fylka Oslo og Akershus har sams fylkesmann. Statsforvaltaren i kvart fylke er beinveges underlagt regjeringa.

Det folkevalde styret i kvart fylke vert utøvd gjennom fylkeskommunen i fylket, som er ei administrativ eining som fylkesmannen i vedkomande fylke ikkje er ein del av. Fylkeskommunane er styrte av kvart sitt fylkesting som øvste organ, fylkesutval, fylkesordførar og ein fylkeskommunal administrasjon. Fylkestinget blir vald inn direkte av innbyggjarane i fylket ved fylkestingsvala, som vert halde i samband med kommunevala; Oslo, som er både eige fylke og eigen kommune, har berre kommunestyre, ikkje fylkesting, og difor heller ikkje fylkestingsval (men har eige val til dei ulike bydelsutvala). Fire fylkeskommunar har innført fylkeskommunal parlamentarisme.

Administrasjonen i fylkeskommunen er som regel samla i ein fylkeshovudstad; Akershus, som har Oslo som sin fylkeshovudstad, er den einaste fylkeskommunen med administrasjonen sin plassert utanfor eige fylke.

I 1977 var det innført ein direkte fylkesskatt som skulle dekka utgiftene til fylkeskommunen; tidlegare hadde fylkeskommunen fått pengane sine frå kommunane.

I dag steller fylkeskommunane med mellom anna dei vidaregåande skulane, offentleg tannhelse, kultur og regional utvikling. Dei byggjer og styrer vidaregåande skular og fylkesvegar. Sjukehusa høyrde tidlegare til under fylkeskommunen, men vert i dag styrt av statlege regionale helseføretak.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «fylke» (skriv seg frå omgrepet folk) vart nytta frå norrøn tid og opp gjennom mellomalderen. Med tida vart fylket erstatta med «syssel», som seinare vart kalla «len». Frå 1662 til 1918 var nemninga «amt», men 1. januar 1919 vart amta gjort om til fylke. Den noverande fylkesinndelinga skriv seg frå dansketida, og er i grove trekk skipa av kong Fredrik III av Danmark-Noreg si forvaltning. Dei norrøne fylka var langt fleire enn dei 19 vi har i dag, og svarar meir til landskapa innanfor kvar administrative fylkeseining. Soleis var det åtte «fylke» berre i Trøndelag: Naumdølafylke, Skognafylke, Orkdalen, Verdalen, Gauldalen, Stjørdalen, Strinda og Sparbyggjafylke. Alle desse fylka høyrde innunder Frostating. Fylka var å rekne som opphavlege «folkeland», som var bygde før rikssamlinga, og hadde vakse fram som sjølvstendige einingar.

Lensinndelinga i seinmellomalderen kom til å dekkje over fleire opphavlege fylke, og amtsinndelinga skapte heilt nye administrative grenser, som er haldne i hevd sidan.

Fylkeskommunen som folkevalt styringsnivå vart skipa ved formannskapslovene i 1837, samstundes med kommunane. Representantane til Amtsformannskapet (seinare Fylkestinget) vart heilt fram til 1964 valde av og mellom representantane i kommunestyra i alle landkommunane i fylke. Ein representant frå kvar kommune vart vald.

Frå 1964 kom også bykommunane med i skipnaden. Kommunane måtte dekkje dei utgiftene Fylkestinget vedtok gjennom repartisjonsskatten. I 1976 gjekk fylkeskommunen over frå å vere sekundærkommune til å bli primærkommune på line med kommunane. Det vart direkte val til Fylkestinget, direkte skatt og eigen administrasjon. Fylkesrådmannsfunksjonen vart skilt ut frå fylkesmannsembetet.

Stortinget vedtok Lov om kommuner og fylkeskommuner i 1961, og frå 1964 velde kommunestyra inn representantar til fylkestinga etter innbyggjartal. I 1976 vart det innført direkte val til fylkestinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fylkesinndelingen fra 2024», Regjeringen.no (på norsk bokmål), 5. juli 2022, henta 4. januar 2024 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]