Tonologien i norsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tonem 2)
Hopp til navigering Hopp til søk

Tonologien i norsk viser til bruken av tonelagnorsk.

Tonelag 1[endre | endre wikiteksten]

Tonelag 1 eller tonem 1 er nemningar for tonelaget som vert nytta i ord som «kastet» (av «eit kast»), «bønder», «bøter» (av «ei bot»).

Tonelaget vert i oppslagsverk o.l. ofte markert med ein akutt aksent etter vokalen: ka´stet, bø´nder, bø´ter. Ved bruk av Det internasjonale fonetiske alfabetet IPA er det ved notasjon av norske og svenske ord vanleg å skrive ' framom ordet for å markere tonlag 1 og " for å markere tonelag 2: data > ['dɑ:tɑ]; mata > ["mɑ:ta].

Tidlegare var tonelaget òg kalla eintoppa, eit uttrykk som viser til uttalen i norsk.

Tonelag 2[endre | endre wikiteksten]

Tonelag 2 eller tonem 2 er nemningar for tonelaget som vert nytta i ord som «(å) kaste», «bønner», «bøter» (presens av «å bøte»).

Historisk er det ord som i norrønt hadde to stavingar som har tonelag 2, mens ord som hadde ei staving men i dag har to framleis held på det gamle tonelaget for einstava ord (derfor namnet tonelag 1). Døme på det siste er (det fine) kastet (av kast it, suffikset -it) var eit sjølvstendig ord i norrønt.

Det er ein tendens til at ord sett saman av to einstava ord har tonelag 2 (vill-lokk), mens nye lånord har tonelag 1 (Willoch).

Tonelaget vert i oppslagsverk o.l. ofte markert med ein grav aksent etter vokalen: ka`ste, bø`nner, bø`ter. Ved bruk av Det internasjonale fonetiske alfabetet IPA er det ved notasjon av norske og svenske ord vanleg å skrive ' framom ordet for å markere tonlag 1 og " for å markere tonelag 2: data > ['dɑ:tɑ]; mata > ["mɑ:ta].

Tidlegare var tonelaget òg kalla totoppa, eit uttrykk som viser til uttalen i norsk språk.