Akutt aksent

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Á á
É é
Í í
Ó ó
Ú ú
Ý ý

Akutt aksent,  ´ , er eit aksentteikn brukt i mange moderne skriftspråk basert på det latinske alfabetet. Ordet «akutt» er avleia frå det latinske ordet acutus, skarp, som igjen er lånt frå gresk ὀξύς (oxys). Aksentteiknet blir brukt med ulike vokalar, og kan på ulike språk markera auka lengde, trykk, at vokalen er open, palatalisert eller har stigande tone. Teiknet kan òg brukast for å skilja ord som blir stava likt, frå kvarandre. På nokre språk, som norsk og engelsk, blir det særleg brukt i lånord.

Vi kan bruke akutt aksent i nynorsk for eksempel i fór (preteritum av fare), til skilnad frå fòr (plogfòr), fôr (kåpefôr, dyrefôr) og for (preposisjon og konkjunksjon), men aksentteikna er ikkje obligatoriske i desse orda. Også i ordet lét (preteritum av late), brukar vi ofte akutt aksent, til skilnad frå presensforma lèt.

I oppslagsverk o.l. kan tonelag 1 bli markert med ein akutt aksent etter vokalen: ka´stet.

Praktisk bruk[endre | endre wikiteksten]

På eit vanleg norsk tastatur (PC) skriv ein teiknet ´ ved å halde «AltGr» inne og trykke «\» (skråstreken til høgre for spørsmålsteiknet/plussteiknet, og deretter den bokstaven aksenten skal stå over (f.eks. e, eller a).

På Mac er det ein eigen tast for aksent.

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.