Tõnu Õim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Tonu Oim)
Tõnu Õim
Statsborgarskap Estland
Fødd 16. juni 1941 (82 år)
Tallinn
Yrke sjakkspelar, fjernsjakkspiller

Tõnu Õim (fødd 16. juni 1941) er ein estisk sjakkspelar og Stormeister i fjernsjakk, mest kjend for å vere den første som klarte å vinne Verdsmeisterskapen i fjernsjakk to gongar, i 1983 og 1999.

Tõnu Õim vart utnemnd til stormeister i fjernsjakk av ICCF i 1981. [1]

Han vann den 9. VM-finalen i fjernsjakk, som gjekk frå 1977-1983, med 13 poeng av 16 moglege, +10 = 6, ingen tap.[2]

I den 12. VM-finalen, 1984-1991, vart det ein 6-plass med 8,5/14, +5 =7 -2.[3]

Han vann deretter den 14. VM-finalen,1994-2000, med 11/14, +9 =4 -1.[4]

Han har klart stormeisterkravet i fjernsjakk fire gongar, i 9. og 14. VM-finalane som han vann, og i Paul Keres 85 minneturnering avslutta i 2004 med 8/14, +3 =10 -1,[5] og Axelsson minneturnering. [6]

Han klarte også 50 %, 4 av 8 og ein 5-plass av dei 9 deltakarane i ICCF si 50-års-jubileumsturnering 2001-2004, ei turnering som bestod av 9 tidlegare verdsmeistrar i fjernsjakk.[7]

Minneverdige sjakkparti[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]