Tony Hymas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tony Hymas
Fødd23. september 1943 (76 år)
FødestadEngland
OpphavStorbritannia
SjangerProgressiv jazz
Instrumentklaverinstrument, piano
Tilknytte artistarPhD, Jeff Beck, Stanley Clarke, Jack Bruce, Claude Debussy, Erik Satie
Verka somMusikar, komponist

Anthony James Keith «Tony» Hymas (fødd 23. september 1943)[1] er ein engelsk klaverspelar og komponist.

Hymas byrja som korsongar i Exeter Cathedral, og då han var ferdig med skulen tok han pianotimar hos Harold Rubens ved Royal Academy of Music. Som pianist for Ballet Rambert skreiv Hymas musikken for Glen Tetley sin Rag Dances i løpet av åtte dagar. Då han slutta hos Rambeert, byrja Hymas å spele som studiomusikar i London i 1970-åra.

Han spelte i lag med Jack Bruce i Jack Bruce Band mellom 1976 og 1978. Hymas vart så ein av musikarane til Jeff Beck, og spelte på den første plata med han i 1980 på albumet There & Back. I løpet av åra har han skrive mange melodiar for Beck, inkludert «Angel Footsteps» og «Brush with the Blues».[2][3] I 1980 henta Hymas og eit anna medlem i bandet til Beck, Simon Philips den skotske songaren Jim Diamond og i lag skipa dei Ph.D., som fekk ein hit i Storbritannia med songen «I Won't Let You Down» i 1982. Gruppa vart oppløyst i 1983 då dei neste singlane deira selde dårleg, og Diamond gjekk attende til ein solokarriere. Hymas fortsette å samarbeide med Diamond på soloprosjekta hans, og duoen gav ut eit tredje Ph.D.-album i 2009 kalla Three, og var aktive fram til Diamond døydde i 2015.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Albums by Tony Hymas: Discography, songs, biography, and listening guide». Rate Your Music. Henta 6. juli 2018. 
  2. Katz, Larry (17. mars 1999). Beck is back; Who's returned to rock including a stop at The Orpheum? Who else?, Boston Herald («That somebody was Tony Hymas, Beck's longtime keyboardist. Hymas had written a bunch of tunes, many of which ...»)
  3. Tony Hymas Profile, Magna Carta Records, Henta 14. juli 2018

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]