Topčiderka
Topčiderska Reka (Топчидерска река) | |||
elv | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 147 km² | ||
Lengd | 30 km | ||
Kjelde | Lipovička šuma i Kosmaj | ||
Munning | Sava ved Beograd | ||
![]() Topčiderka | |||
Wikimedia Commons: Topčiderska River | |||
Topčiderska Reka eller berre Topčiderka (serbisk Топчидерска река eller Топчидерка) er ei elv nord i Serbia og ei 30 km lang sideelva til Sava frå høgre.
Topčiderka spring ut frå Lipovica (Lipovička suma) nord i fjellet Kosmaj. Ho renn nordaustover mot Beograd og munnar ut i Sava i ein av forstadane til byen.
Elva drenerer eit område på 147 km² og har eit nedslagsfelt med 35 sideelvar som høyrer til Svartehavet.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Topčiderka» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Mala Prosvetina Enciklopedija, 3. utg. (1985); Prosveta; ISBN 86-07-00001-2
- Jovan Đ. Marković (1990): Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije; Svjetlost-Sarajevo; ISBN 86-01-02651-6