Tor Inge Smedås
Tor Inge Smedås | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 25. august 1957 (67 år) Hamar kommune |
Yrke | fotballspelar |
Tor Inge Smedås (fødd 25. august 1957) er ein tidlegare fotballspelar frå Os i Østerdalen. Han vann to NM-gull og eitt seriegull med Lillestrøm Sportsklubb i tida 1981-86. Smedås deltok i to landskampar for Noreg.
Smedås spelte sesongane 1978 og -79 på Mjøndalen IF i 2. divisjon. Før 1980-sesongen melde han overgang til Lillestrøm, der han snøgt fekk plass i laget som sideback. Både i 1981 og 1986 var han med då Lillestrøm vann cupfinalen over høvesvis Moss FK og Vålerengen. Også i 1986 tok Lillestrøm og Smedås seg til NM-finale på Ullevaal stadion i Oslo, men tapte 1-4 for overraskingslaget Tromsø Idrettslag. Lillestrøm var klare favorittar, ettersom klubben på førehand hadde sikra seg seriemeistertittelen. Frå 1987 til -90 var Smedås ein av Hamarkameratene.
Forsvarsspelaren Smedås tok plass på venstrebacken då Noreg møtte Sovjetunionen hausten 1986 og Tyrkia våren 1987 i OL-kvalifiseringskampar, to kampar som begge enda uavgjort.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Tor Inge Smedås» frå Wikipedia på bokmål, den 9. juni 2016.