Tore Kordahl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tore Kordahl
Fødd 17. desember 1950
Flisa
Yrke fotballspelar

Tore Eugen Kordahl (fødd 17. desember 1950) er ein norsk tidlegare fotballspelar frå Flisa i Hedmark som vann tre cuptitlar og to seriegull med Lillestrøm Sportsklubb i tida 1977-81. Han spelte 29 landskampar i tida 1974-81.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Fram til 1973-sesongen spelte Kordahl lokal seriefotball, fyrst med Flisa IL og seinare Grue IL. I 1974 var han Lyn-spelar i 2. divisjon, eit lag som enda tredjeplassen i avdelinga si. Vinnaren av same avdelinga, Lillestrøm SK, tok så steget opp i 1. divisjon, med nettopp nyinnmelde Kordahl på midtstopparplass. Fram til 1982 var han eit rimeleg sikkert kort i forsvarsrekka til klubben. Gjennom dei åtte sesongane i Lillestrøm vart Kordahl seriemeister i 1977 og 1978, samt vinnar av noregsmeisterskapen i fotball for menn i både 1977, 1978 og 1981. Han deltok i 164 seriekampar og skåra eitt mål.

I 1983 melde Kordahl overgang til Kongsvinger IL, nyopprykka fyrstedivisjonslag, men fekk lite speletid og la opp ved sesongslutt.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Kordahl var midtstoppar i 29 landskampar frå debuten 29. mai 1974 til september 1981. I debutkampen mot Aust-Tyskland spelte han i spann med Jan Birkelund. Dei to vart eit ofte nytta midtstopparpar på landslaget, og seinare vart dei suksessrike klubbkameratar i Lillestrøm.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1977 og 1978 med Lillestrøm
  • Cupmeister: 1977, 1978 og 1981 med Lillestrøm