Transformasjon i matematikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Transformasjon i matematikk er ei endring av forma på eit uttrykk, til dømes omforming av ei likning til den enklaste forma. Ordet vert særleg nytta i analytisk geometri der ein vel nye koordinatsystem (koordinat-transformasjon) som forenklar studiet av eigenskapane til kurver og flater.

Transformasjon kan òg vise til ei avbilding eller korrespondanse mellom elementa i to mengder. Ein punkttransformasjon er til dømes ein korrespondanse mellom punkta i to geometriske objekt. Av særleg interesse er dei eigenskapane som ikkje vert endra under ein slik transformasjon, og desse vert gjerne brukt til å klassifisere transformasjonar. Ein har til dømes lineære transformasjonar, ortogonale transformasjonar, kontinuerlege transformasjonar osv. Eit fikspunkt er eit punkt som ligg stille (er invariant) ved ein transformasjon.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]