Trapp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pyramideforma trapp med aukande storleik på trinna.

Trapp (av mellomnedertysk trappe) er ein bygningsdel danna av fleire vassrette trinn i gradvis ulike høgder som ein kan gå mellom ulike plan på. Trapper kan brukast inni bygningar og fartøy til å forbinda ein etasje med ein annan, eller utomhus, både utanpå bygningar, i gater og i landskapet.

Vindeltrapp i Corigliano Calabro-slottet i Calabria i Italia.

Trapper finst i ulike storleiker og utformingar. Dei kan ha rett, bøygd, svingande eller korketrekkarforma løp - sistnemnde type blir kalla vindeltrapp. Konstruksjonen kan vera ei massiv oppbygning av murverk eller ein open, frittberande konstruksjon.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Trapp med rette svingar i Kiev.

Ei enkel trapp kan følgja ei rett line frå eit plan til eit anna. Ho kan også svinga ein eller fleire gonger i rette eller bogande svingar. Trapper kan også følgja landskapet, som ein skråning eller fjellside. Trappene kan stå fritt, følgja ein vegg eller ha veggar på begge sider. Breidda på trapper kan variera frå å vera så smale at berre ein person kan passera, til så breie at fleire folk kan gå eller sitja i dei.

Trappetrinna i ei trapp har gjerne jamn storleik, med eventuelle svingande trinn breiare på bortsida. Ein kan også ha oppbrot i avsatsar eller reposar. I nokre trapper er det nedste trinnet større enn dei andre, mellom anna slik at nedre delen av rekkverket kan festast her. Enkelte trapper kan ha ei pyramideaktig form slik at dei nedre trinna er mykje breiare enn dei øvre.

Gatetrapper i Cefalù i Italia.

Bratte eller lange trapper kan ha gelender som hindrar fall i eller frå trappa. Gelenderet kan vera festa til ein vegg eller bygd opp som eit gjerde eller rekkverk med loddrette balustrar. Kortare eller slakare trapper treng ikkje ha gelender.

Inntrinnet og trinnhøgda (opptrinnet) på ei trapp bestemmer stigingsvinkelen hennar. Ei vanleg trapp kan ha inntrinn på 240–270 mm og trinnhøgd på 150–180 mm, noko som gjev ein behageleg gangrytme.

Ifølge norske bygningsforskrifter må stiginga ikkje overstiga 45° målt langs midtlinja av trappa. Ein regel for gunstig stigingsforhold seier at summen av trinnbreidda og to gongar trinnhøgda skal utgjera 63–64 cm. Er den totale nivåforskjellen stor, kan trinna i trappa avbrytast av ein eller fleire kvileplassar (reposar) som overgang til nytt retningsforløp.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]