Tre kløfter-demninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med Chang Jiang sitt elveløp og Tre kløfter-demninga (Three Gorges Dam)
Under bygginga i juli 2004

Tre kløfter-demninga (forenkla kinesisk: 长江三峡大坝, tradisjonell kinesisk: 長江三峽大壩, pinyin: Chángjiāng Sānxiá Dàbà) ligg i Kina (30.827° N 111.000° E) og er eit av verdas største vassmagasin. Det ligg langs verdas tredje lengste elv, Chang Jiang. Vassmagasinet dekker området som heiter dei tre kløftene, som ligg mellom byane Yichang og Fuling. 40 km nedanfor demninga ligg eit anna stort reservoar, Gezhoubademninga, tett ved Yichang.

Bygginga av demninga til vassmagasin var ferdig 1. juni 2006. Vassmagasinet er 660 km langt og lagrar i snitt 39,3 kubikkilometer vatn. Vatnet i demninga skal årleg produsere om lag 85 TWh. I dag består dammen av 32 hovudgeneratorar, kvar på 700 MW. Kraftverket skal stå heilt ferdig i løpet av 2011. Når dammen vert fullt operativ vil han ha ein samla installert effekt på 21 515 MW (21,5 GW), ei yting tilsvarande effekten i 150 'alta-kraftverk'. Demninga som skapar vassmagasinet er 101 meter høg og 2 309 m lang. Ved basen er demninga 115 meter tjukk, mot 40 meter på toppen (krona).

Under bygginga av demninga sitt skipsslusesystem (2002)

Bygginga av demninga tok 10 år, og var svært omdiskutert. For å gje plass til vassmagasinet har både den omkringliggande naturen og menneska i området måtte vike. 13 mindre byar har vorte flytta for å gje plass til vassmagasinet. Til saman 5,5 millionar menneske vart tvinga til å reise frå dei neddemnde områda. Mange av dei som har måtte finne nye heimar, har vorte flytta til øya Chongming nord for Shanghai.

I tillegg til kraftproduksjon skal anlegget hindre dei årlege flaumane langs Chang Jiang. Gjennom det 20. hundreåret omkom i kring 400&nsp;000 menneske i største skadeflaumane.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tre kløfter-demninga