Tregleik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tregleik eller inerti er innan fysikken ein eigenskap ved all materie som gjer at lekamar motset seg endringar av rørsletilstanden. All masse har tregleik. Tregleiken til ein lekam er proporsjonal med massen til lekamen, i samsvar med Newtons andre lov.

Dersom summen av kreftene på ein lekam er lik null, vil lekamen fortsetje å røre seg med den same farten i same retning heilt til kreftane på lekamen blir endra. Ein lekam kan altså ikkje endre fart eller retning dersom han ikkje blir påverka av ei kraft. Dette er definert ved Newtons første lov, og er eit uttrykk for tregleik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]