Trekkers Norge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trekkers Norge er ein norsk fanklubb for folk som har ei særskild interesse for Star Trek-franchisen. Klubben vart starta opp i november 2004, og ser på seg sjølv som ein arvtagar til Star Trek Norge.

Star Trek Norge var ei nettside starta opp av Mads Andre Strømsnes 1. august 2001. Det var ikkje ein organisasjon i vanleg forstand, men ei nettside med tilhøyrande diskusjonsforum og tilknytt IRC-kanalen #STNorge på EFnet. Star Trek Norge vart offisiell lagd ned 17. januar 2005. Sjølv om det ikkje var ei offisiell organisasjon, var det jamvel ei stor hjelp i å knyte band blant norske Star Trek-fans.

I november 2004 starta ei ny organisasjon opp. Han vart først kalla Star Trek Norge (same namn som Strømnes' si side), men skifta namn til Trekkers Norge 21. januar 2005. I motsetnad til Star Trek Norge, tek denne organisasjonen sikte på å bli ei vanleg organisasjon med betalte medlem og ei rekkje lokallag rundt om i landet. Dei ønskjer å leggje til rette for ulike arrangement, både lokalt og i andre former. Til juli neste år planlegg dei ein nasjonal kongress i Stavanger, kalla Warp 2006.

Mads Andre Strømnes vart kåra til første æresmedlem i Trekkers Norge, då mykje av grunnlaget for den nye organisasjonen vart tilrettelagt av han.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]