Treskjeraren James Johnson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

James Johnson er ein tlingit-treskjerar frå Juneau i Alaska som hovudsakleg driv med tradisjonell utskjering og formline.[1][2]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Johnson blei fødd i ein familie som tilhøyrer Dakl’aweidi (spekkhoggarklanen) og omfattar mange leiarar for Xutsnoowú Kwáan, som Chief Gusht’eiheen (tippoldefar), Chief Jimmy Johnson (oldefar), og Chief Peter Johnson (bestefar). Johnson har uttalt at ættesoga hans har påverka den kunstnariske karrieren hans.[1][2] Far hans, Franklin Johnson, var den fyrste til å oppmuntra han til å byrja med treskjering.[3]

Johnson har også drive med snøbrett heile livet. Då han voks opp kunne han renna med snøbrett kvar veke i Eaglecrest Ski Area.[2][4]

Virke[endre | endre wikiteksten]

Johnson kallar seg sjølv ein sjølvlært kunstnar.[2] I 2012 blei verket hans Tlingit Hawkman vald ut av den leiande lokale kunstnaren Nathan Jackson til å ta del i Celebration Juried Art Show.[2][5] I 2019 vann han fyrsteplassen innan treskulptur ved SWAIA Santa Fe Indian Market.[6] Johnson har sidan samarbeidd med verksemder som Vans, Lib Technologies og Google.[7][8][9]

Verka hans er blitt stilt ut ved Art Institute of Chicago, Sioux Indian Museum, Denver Museum of Nature and Science og Interior Museum.[10][11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «About». James Johnson (på engelsk). Henta 31. desember 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 libtech; Tech, Lib (11. oktober 2021). «James Johnson; a Double Dip In Master Artistry and Cultural Heritage». Lib Tech Blog (på engelsk). Henta 31. desember 2022. 
  3. «James Johnson - Santa Fe Indian Market» (på engelsk). 31. mars 2021. Henta 31. desember 2022. 
  4. «FNRad Snowboard Podcast - James Johnson». James Johnson (på engelsk). Henta 31. desember 2022. 
  5. Miller, Matt (June 29, 2012). «Native art reflects traditions, new media and techniques». KTOO (på engelsk). Henta 31. desember 2022. 
  6. «Tlingit Artist James Johnson». Port Townsend School of Woodworking (på engelsk). Henta 31. desember 2022. 
  7. Yelverton, Lex. «Alaska Native Tlingit artist collaborates with big brands». www.alaskasnewssource.com (på engelsk). Henta 31. desember 2022. 
  8. «Celebrate Native American artists in Chrome and ChromeOS». Google (på engelsk). 3. november 2022. Henta 31. desember 2022. 
  9. nativemax (30. august 2022). «Tlingit Artist James Johnson Collab with Vans on a Collection». Native Max (på engelsk). Henta 31. desember 2022. 
  10. «Visual Language - James Johnson - Viewing Room - Indian Arts and Crafts Board Online Exhibits Viewing Room». iacbmuseums-viewingroom.exhibit-e.art. Henta 31. desember 2022. 
  11. «The Sioux Indian Museum to feature James Johnson in a Special Exhibition». www.doi.gov (på engelsk). 31. januar 2022. Henta 31. desember 2022.