Troilitt
Troilitt | |
![]() Polerted og etsa flater av Mundrabilla-meteoritten frå Australia. Dei mørkare brunaktige områda med striper er troilitt med daubréelitt. | |
Generelt | |
---|---|
Kategori | Sulfidmineral |
Kjemisk formel | FeS |
Strunz-klassifisering | 2.CC.10 |
Krystallsymmetri | Heksagonal diheksagonal dipyramidal H-M-symbol: (6/m 2/m 2/m) Romgruppe: P 63/mmc |
Einingscelle | a = 5,958 Å, c = 11.74 Å; Z = 12 |
Identifikasjon | |
Farge | bleik grå brun |
Krystallform | Massiv, korna; kuleforma; plateaktig til tavleforma |
Krystallsystem | Heksagonal |
Kløyv | Ingen |
Brot | Ujamn |
Mohs hardleiksskala | 3,5-4,0 |
Glans | Metallisk |
Strekfarge | grå svart |
Transparens | Ugjennomsiktig |
Spesifikk vekt | 4,67–4,79 |
Endrar seg til | Falmar i luft |
Kjelder | [1][2][3] |
Troilitt er eit heksagonalt jernsulfid som finst i meteorittar. Samansetnaden svarar særs nær til FeS, i motsetnad til den nærskylde pyrrhotitt, som har underskot på jarn.
Ein meteoritt vart observert i 1766 i Albareto i Modena i Italia. Prøvar vart henta og studert av Domenico Troili som skildra jernsulfidet i meteoritten. Ein trudde lenge at jernsulfidet var pyritt, men i 1862 analyserte den tyske mineralogen Gustav Rose materialet og gav det namnet troilitt.[1][2][4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Troilitt. (15. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014.
- ↑ 1,0 1,1 Handbook of Mineralogi
- ↑ 2,0 2,1 Troilite on Mindat.org
- ↑ Troilite on Webmineral
- ↑ Gerald Joseph Home McCall, A. J. Bowden, Richard John Howarth (2006). The history of meteoritics and key meteorite collections. Geological Society. s. 206–207. ISBN 1-86239-194-7.