Tromedja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Tromedja (albansk Tromegja, serbisk Тромеђа, Tromeđa) er eit fjell i Bogićevica-området i Prokletijefjella. Det har ei høgd på 2366 meter over havet og dannar ein del av grensa mellom Albania, Kosovo og Montenegro. Albania ligg på sørsida av fjellet, Kosovo i nordaust og Montenegro i nordvest. Det går ein dal mellom den albanske og kosovoiske delen av fjellet. Landsbyen Debërdol i Albania ligg nær toppen av fjellet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Albania og Kosovo å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.