Tromvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromvik sett frå Tromtinden.
Foto: Lars Tiede

Tromvik er ei bygd nordvest på Kvaløya i Tromsø kommune i Troms og Finnmark.

Bygda har barne- og ungdomsskule, gårdsbruk, lokal fiskeflåte og fiskeindustri. Bygda har veisamband sørvest over fjellet mot Rekvik og i aust mot Grøtfjord og Tromsø. Det bur litt over 100 menneske i Tromvik. Rundt 1950-talet var det rundt 250 innbyggjarar. Hoveddelen av næringslivet i Tromvik er relatert til fiske, og Tromvik Fisk A/S er fiskebruket til bygda. Bydga er omgjeve av fjell, og dermed eit ettertrakta mål for friluftsliv, som skiløping på vinteren, sportsfiske og fjellklatring. Koordinatar: 69°47′3.4476″N 18°23′55.198″E