Troon
Utsjånad
| Troon | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | South Ayrshire | ||
| Tradisjonelt grevskap | Ayrshire and Arran | ||
| Folketal | 14 710 (2016) | ||
| Postnummer | KA10 | ||
| Retningsnummer | 0 1292 | ||
![]() Troon 55°32′N 4°40′W / 55.54°N 4.66°W | |||
| Wikimedia Commons: Troon, South Ayrshire | |||
Troon[a] er ein by i regionen South Ayrshire i Skottland. Han har kring 15 000 innbyggjarar og ligg på vestkysten, omkring 14 km nord for Ayr og 5 km nordvest for Glasgow Prestwick International Airport. Namnet blir trudd å kome frå walisisk trwyn, som tyder «nase» eller «kapp», noko som ser ut til å vise til plasseringa.

Foto: Ian Paterson
Troon er ein hamneby, som betener både ferjer til Larne og frakteskip. Hamna var viktig for utviklinga til byen. Verftet Ailsa Shipbuilding Company var eit viktig føretak inntil drifta vart lagt ned i 2003. Hamna vart redda av at fiskeflåten frå Ayr flytta til den ledige plassen verftet etterlét seg i Troon.
Byen er kjent for golfbanen sin, Royal Troon, som er ein av klubbane som er vertskap for Open Golf Championship.
Merknader
[endre | endre wikiteksten]- ↑ skotsk-gælisk An Truthail, skotsk The Truin
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Troon» frå Wikipedia på bokmål, den 3. november 2011.
