Tropenatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tropenatt, tropedag eller tropedøgn er omgrep nytta om visse temperaturtilhøve i Noreg. For at ei natt skal kunne kallast ei tropenatt kan temperaturen gjennom natta aldri ha gått under 20 ºC, medan maksimumstemperaturen i løpet av eit døgn må ha vore over 30 ºC for at det skal kallast ein tropedag. Om maksimumstemperaturen har vore over 30 ºC i løpet av eit døgn, samstundes som temperaturen gjennom døgnet aldri har vore under 20 ºC, så vert det kalla eit tropedøgn.

Tidlegare vart ei tropenatt definert som ei natt der temperaturen aldri fall under 25 ºC, men sidan dette nærast aldri skjer i Noreg, vart definisjonen på 1940-talet «fornorska» til 20 ºC. Ingen av omgrepa er definerte av Verdas meteorologiorganisasjon, men vert òg nytta elles i Skandinavia.

Det er nesten alltid langs kysten at ein får tropenetter, medan ein får oftare tropedagar i innlandet. Sjøen har stor varmekapasitet, og særleg på seinsommaren kan temperaturen i sjøen vere høg, gjerne over 20 ºC. Høg sjøtemperatur vil derfor medverke til at lufttemperaturen ikkje faller like mykje ved kysten som han gjerne gjer lenger inne i landet. Sidan sjøtemperaturen i tillegg varierer lite gjennom døgnet vil sjøen òg medføre at maksimumstemperaturen ofte ikkje vert like høg som i innlandet.

Færder fyr er den vêrstasjonen i landet som har registrert flest tropenetter, men dei er òg registrert heilt nord til Makkaur fyr (70,7 N) på Finnmarkskysten.