Tsjasjka
Utsjånad
Tsjasjka Чашка Çashkë | |||
---|---|---|---|
Utsyn over Tsjasjka | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Vardar | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
819,45 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
7 942 9,69/km² | ||
Koordinatar | 41°39′2″N 21°39′43″E / 41.65056°N 21.66194°E | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Plassering | |||
Plasseringa til Tsjasjka i Nord-Makedonia |
Tsjasjka (makedonsk Чашка; albansk Çashkë) er ein landsby og ein kommune i regionen Vardar i Nord-Makedonia. Den noverande kommunen vart oppretta i 2004 ved at ein slo saman dei tre tidlegare kommunane Tsjasjka, Bogomila og Izvor, samstundes som landsbyane Gorno Jaboltsjisjte, Dolno Jaboltsjisjte og Drenovo vart overførde frå Veles.
Kommunen har eit areal på 819,45 km2. I 2021 hadde kommunen 7 942 innbyggjarar, medan sjølve landsbyen hadde 1 390 innbyggjarar.[1] Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[2] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Gorno Jaboltsjisjte | 1 741 | 2 434 |
Tsjasjka | 1 471 | 1 390 |
Dolno Jaboltsjisjte | 718 | 1 047 |
Melnitsa | 743 | 775 |
Bogomila | 476 | 359 |