Hopp til innhald

Tsonga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsonga
Xitsonga
Klassifisering Niger-kongo-språk
 Atlantisk
  Volta-kongo-språk
   Benue-kongo-språk
    Bantoid
     Sørleg
      Eigentleg bantuspråk
       Sentralt
        Tsonga
Bruk
Tala i  Sør-Afrika
 Mosambik
 Eswatini
 Zimbabwe
Tsongatalande i alt 3 669 000[1]
Skriftsystem Det latinske alfabetet
Språkkodar
ISO 639-1 ts
ISO 639-2 tso
ISO 639-3 tso
Wikipedia på tsonga

Tsonga er eit bantuspråk som blir snakka av tsongafolk i Sør-Afrika, Mosambik, Eswatini og Zimbabwe. Det er eitt av elleve offisielle språk i Sør-Afrika.

Geografisk fordeling av tsonga-talarar i Sør-Afrika
██ <1 /km² ██ 1–3 /km² ██ 3–10 /km² ██ 10–30 /km² ██ 30–100 /km² ██ 100–300 /km² ██ 300–1000 /km² ██ 1000–3000 /km² ██ >3000 /km²

Knapt 2 millionar sørafrikanarar i Limpopo-, Gauteng- og Mpumalanga-provinsane snakkar tsogna.[2] Det blir også brukt av rundt 1,5 millionar mosambikarar, rundt 100 000 zimbabwarar og rundt 19 000 swazilendarar.

Alle dei ulike tsongadialektane er blitt påverka av zulu. I Zimbabwe er språket påverka av ndebele. Tsonga inneheld til dømes lånord med klikkelydar frå desse språka. Språket har også lånord frå engelsk, afrikaans og portugisisk.

Som typiske bantuspråk er det eit SOV-språk med subjekt-objekt-verbal som standard setningsoppbygging.

Teksteksempel

[endre | endre wikiteksten]

Fader vår på tsonga:

Tata wa hina la nge matilweni,
vito ra wena a ri hlawuleke;
a ku te ku fuma ka wena;
ku rhandza ka wena a ku endliwe misaveni,
tanihi loko ku endliwa tilweni.
U hi nyika namuntlha vuswa bya hina bya siku rin'wana ni rin'wana;
u hi rivalela swidyoho swa hina,
tanihi loko na hina hi rivalela lava hi dyohelaka;
u nga hi yisi emiringweni,
kambe u hi ponisa eka Lowo biha,
Amen.
  1. Ethnologue-tal frå 2009
  2. Stats SA, Key Results, Census 2001 (oppgjeve av engelsk Wikipedia)